
Ny "torpedolivbåt" kan auke tryggleiken for fiskeflåten
– Fiskeflåten treng godt, sikkert og fungerande utstyr for å ivareta evakuering i polare farvatn dersom ulykka først skulle vere ute. Dagens løysingar er uhaldbare, ifølgje Magnar Reigstad, som har utvikla ein heilt ny type livbåt. Artikkelen er å finne på Fiskebåt sine nettsider.

Livbåten er designa og tilpassa fiskeflåten og båtar i forskjellige storleikar. Livbåten kan dermed bli framtidas løysing for sikker segling i arktiske farvatn. Livbåten EvaQ er utvikla av Reigstad med basis i eit design som har vore testa ut ved Marintek i Trondheim. Testane oppnådde svært gode resultat. Den nye livbåten er utforma etter dei same hydrodynamiske prinsippa som ein "torpedo". Dette kan vere den løysinga alle fiskarar har venta på, meiner oppfinnaren.
HAR STUDERT FLEIRE HAVARI
Reigstad, som har inngått samarbeid med Kloster Rescue Systems AS, har lenge interessert seg for livredningsressursar på skip, og har studert fleire havari. Han er ikkje i tvil om at det er eit behov for nytenking og utvikling av ein godt tilpassa livbåt med redningsutstyr i tråd med seglingsrutene. Magnar Reigstad har følgt med samtlige SARex-øvingar og kjenner til resultata frå desse. Han meiner at det nye designet vil kunne bidra til å tette gapet på nokre av funna, og ser det som viktig å få på plass effektivt redningsutstyr for fiskeflåten som faktisk kan fungere under tøffe og kalde forhold i nord, der mange fiskefartøy opererer.– I dag er fiskefartøya utstyrt med redningsflåtar og ein mobbåt. Så vidt vi veit er ingen norske fiskebåtar utstyrt med livbåt, noko som for så vidt er forståeleg med tanke på dei mindre båtane som har sine utfordringar knytt til utstyr på dekk og manglande plass til ein tradisjonell livbåt hengande i ein davit. I dårleg ver risikerer ein at redningsflåtene – om dei opnar seg korrekt – bles bort frå havaristen, og dermed ikkje gir nokon tryggleik. Også mobbåten kan vere utfordrande å handtere i grov sjø, og gir uansett ikkje ly mot elementa, seier Reigstad.
SIKKER EVAKUERING
EvaQ er ein livbåt som vil kunne monterast og spesialtilpassast på fiskeflåten. Ifølge Reigstad løyser spesialdesignet dei problema fagmiljøet har slitt med i alle år – nemleg sikker evakuering uavhengig av krenging og sjøgang.– Med denne livbåten vil ein kunne gi ein langt sikrare evakuering enn kva ein flåte eller tradisjonell livbåt vil gi. I tillegg vil det også bidra til at mannskapet kan evakuere heilt trygt uansett elementa sin uvilje, for å seie det slik, seier Magnar Reigstad.
Reigstad si interesse for tryggleik på havet har alltid vore der. Då han mista ein kamerat i Alexander Kielland-ulykka 27. mars 1980 fekk han sjå svakheitene ved tryggleiken rundt mannskapet. Ulykka inspirerte han til å sjå nærare på problemet med evakuering frå skip.
– Livbåten EvaQ, er både i form og funksjon ei nyvinning som vil vere eit godt bidrag for å auke tryggleiken i dagens fiskeflåte. Livbåten kan ettermonterast på fiskebåtane. Éin viktig karakter ved livbåten er at den kan sjøsettast frå begge sider av fiskefartøyet, uavhengig av ver, vind og krenging. Dette gjer at ein ikkje treng å ha livbåtar hengande på begge sider av fartøyet, og som i dei aller fleste tilfelle likevel ikkje vil virke når ulykka først er ute, seier Reigstad.
EvaQ kan også utstyrast med ein oppblåsbar redningsflåte, slik at det blir lettare å plukke opp folk frå sjøen, men kan også fungere som ein stasjon der ein kan bli heist opp i helikopter frå.
SLIK FUNGERER DEN
Dersom båten ikkje kan reddast og havariet er eit faktum, går mannskapet i livbåten. Når alle er på plass blir livbåten «skoten» ut frå fartøyet. Livbåten kan "skytast" ut frå begge sider av fartøyet eller frå hekken, avhengig av modell og montering på fiskefartøyet. Livbåten er designa for å gå delvis under vatn etter utskyting ved større krenging, og slik sett raskt kome seg bort frå havaristen, noko som er eit heilt sentralt element i ei kvar evakuering.Les hele artikkelen her: