
Ny UiT-bedrift skal utvikle medisin mot blodkreft
UiT Noregs arktiske universitet startar selskapet KinSea saman med UiB, Norinnova, og tyske Lead Discovery Center (LDC). Saman skal dei utvikle blodkreftmedisin basert på naturstoff frå Barentshavet.

Nokre av deltakarane i KinSea. Frå venstre: professor Bengt Erik Haug (UiB), førsteamanuensis Kine Østnes Hansen (UiT/Marbio), professor Annette Bayer (UiT), professorJeanette Hammer Andersen (UiT), og professor Espen Holst Hansen, (UiT). Foto: Oddleif Larsen- / UiT
–
Om vi lykkast kan dette bety mykje for blodkreft-pasientane med dei
dårlegaste prognosane, seier professor hjå UiT, Jeanette Hammer Andersen. Internasjonal forsking
og bedrift
Ho skal leie det nye firmaet som
heiter KinSea. Det er ein såkalla spin-off, ei bedrift basert på forsking
gjort i forskingsgruppa Marbio
og institutt for kjemi hjå UiT, hjå Universitetet i Bergen, og hjå det tyske
firmaet Lead Discovery Center (LDC). Norinnova støttar prosessen, og det heile er
finansiert av KHAN Technology Transfer Fund I, eit tysk investeringsfond for
kommersialisering av medisinsk forsking. Utgangspunktet for etableringa er
forskinga som Marbio og samarbeidspartnarane har gjort med såkalla bioprospektering, kor ein leitar i naturen
for å kopiere organismar sine vern mot sjukdom, bakteriar og virus. Kreftmedisin frå
havbotn
I ein botnlevande organisme frå
Barentshavet fann dei for nokre år sidan eit stoff som drep blodkreftceller.
Dei stoffa vil dei utvikle vidare til ei behandling av akutt myeloid leukemi (AML), ei alvorleg form
for blodkreft med dårlege prognosar for dei som vert ramma. – Vi har jobba med eit sett av
stoff i fleire år. Dei har hatt veldig god effekt i dyremodellar, faktisk så
god effekt at eg måtte sjå på dataa fleire gonger og dobbeltsjekke at det
ikkje var feil. Men det stemte, kreftcellene var borte, seier Andersen. Kliniske forsøk om to
til tre år
KinSea skal no jobbe vidare dei
to neste åra med å utvikle prosjektet vidare. Andersen seier dei håpar å
kunne starte kliniske forsøk kor dei testar ut medisinen på frivillige
pasientar om to til tre år. Om alt går bra, kan medisinen kome for sal om alt
frå fem til ti år. – Ein stor del av jobben har vore
å stabilisere molekylet. Vi såg at det verka godt på celler i laboratoriet,
men det er noko heilt anna å få stoffet til å verke inne i ein kropp kor det
er eit anna miljø, med så mange andre faktorar. Men her har vi gjort store
framsteg dei siste to åra i eit prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd og
det regionale forskingsfondet MABIT,
seier Andersen. Bedrifta skal leve
vidare
Sjølv om KinSea første omgang
skal konsentrere seg om lækjarmiddelet mot AML, vil dei at bedrifta skal
verte ein stad kor fleire medisinar basert på bioprospektering kan utviklast.
UiT sit på store ressursar, både forskarkapasitet, laboratorium, og eit stort
arkiv av organismar frå hava i nord, og neste gong ein finn ein lovande
kandidat, har dei allereie eit apparat på plass. – Når ein gjer gjennombrot slik
som vi har gjort no, har ein tidlegare ofte lisensiert prosjektet ut til
andre, større selskap, som regel nedover i Europa. Men no ønsker vi å skape
meir verdiar i økosystemet rundt UiT, og skape noko i Nord-Noreg. Då må vi ta
meir risiko og satse på ei eiga bedrift, men gevinsten kan verte desto
større, seier Andersen. Særs nøgde leiarar
Det er musikk i øyra til
UiT-rektor Dag Rune Olsen: – Gjennom forskingsinnsatsen vår
innan marin bioprospektering, høgt motiverte forskarar, og eit langsiktig og
fruktbart samarbeid med LDC har vi lagt grunnlaget for å spinne ut dette
selskapet. Det er viktig for UiT at vi bidreg til nærings- og verdiskaping
gjennom innovasjon basert på framifrå forsking, seier han. Norinnova jobbar saman med
gründerar og forskarar i heile Noreg for å utvikla og foredlar idear med eit
internasjonalt forretningspotensial. Administrerande direktør Asbjørn Liletun
har ser stort potensial i KinSea: – Denne etableringa er nok eit
bevis på at vi har eit innovasjonsmiljø som kan utvikle unike
forretningsmoglegheiter frå verdsleiande kunnskap om havet. Vi i Norinnova
trur det er ein styrke at KinSea vert etablert som eit samarbeid mellom
internasjonalt leiande miljø, og vi meiner det skaper gode føresetnader for å
lykkast med å bringe ei ny kreftbehandling til marknaden. Det har gjort at
internasjonale investorar har vist stor interesse for Kinsea allereie no,
seier han. – Det er nesten for
godt til å vere sant
Andersen og dei andre i det
nystarta selskapet er lukkelege over å kunne ta eit nytt og stort steg i
prosessen mot ein ny medisin som kan hjelpe menneske med alvorleg sjukdom. – Det kjennast nesten litt for
godt til å vere sant, at vi faktisk klarte å få det til. Vi har jobba med det
her i så mange år, henta organismar i havet og jobba så mykje med dei på
laboratoriet. Då er det fantastisk at vi kan lage noko som ikkje berre kan
skape verdiar, men som kan bidra til redde liv, seier Andersen. Sjå full pressemelding frå KinSea
her. FAKTA
Kjelde: akutt myelogen leukemi – AML – Store norske
leksikon (snl.no) |